
OPPLEVINGAR
Kulturhistorisk guiding og underhaldning
Dette er eit tilbod retta mot små grupper som ønskjer å oppleve litt av vår kulturarv. Her får du eit innblikk i Aurland og grenda Skjerdal sin historie, geologi, klima, jordbruk før og no, med godt utsyn til kulturlandskap, stølar og ein storslått fjord. Me tek dykk med på omvising i dei gamle driftsbygningane på garden, der husa er frå om lag 1800. Ein liten pause undervegs med kaffe/te og lefse inne i den gamle, men vakkert rehabiliterte låven (Låni). Her avsluttar me med ei reise i segner og eventyr, til Huldra og Trollet sitt rike.
Tidspunkt: Mai - september
Prisar og booking:
(+47) 92 28 12 05, eller
e-post: post@skaldegard.no
Ønskjer du noko utanom det vanlege?
Me tilbyr skreddarsydde pakkar for grupper der ulike deler kan inngå; guiding i vår historiske fortid og notid, forteljarstund med eventyr og segner, samt eit innblikk i gamle gardstradisjonar. Smaksprøvar, kaffe/te og lefse undervegs er inkludert i tilbodet.
Ta kontakt for å gjere avtale om innhald, tid og stad!
Tid: Etter avtale.
Pris: Etter avtale
Send e-post til: post@skaldegard.no
Ønskjer klassen din variasjon over tema og stad?
Har klassen din eit tema som kunne egna seg å få undervisning i, under spesielle omgivnader? Ønskjer du inspirasjon og påfyll til eit undervisningsopplegg utanfor klasserommet? Ta kontakt, så lagar me eit opplegg, anten ferdig pakka, eller i samarbeid med deg.
E-post: post@skaldegard.no
Mobil: +47 92 28 12 05
Andre tilbod/opplevingar
Skaldegard ønskjer å skipa til kulturelle opplevingar av ulike slag gjennom året. Det kan vere konsertar, litteraturkvelder, forteljarkvelder eller andre innslag. Følg med på vår Facebookside!
Klokkeslett og prisar vil variere.