Skaldegard på Facebook
Skaldegard på Instagram

SKALDEGARD A/S - SKJERDALSVEGEN 115 -  5745 AURLAND

Mobil: +47 92 28 12 05 - E-post: post@skaldegard.no

Siste innlegg

January 29, 2018

Please reload

Draumedamer i Skaldegard

September 19, 2017

DRAUMEDAMEKVELD I SKALDEGARD

Fredag 29.september

Kl 18.30-23.30

 

 

Lyst på nytt sosialt treff med andre draumedamer?

 

Skaldefrua inviterer til nytt arrangement for draumedamer i Aurland, denne gongen til Skaldegard i Skjerdal!

 

Kjem du hit vil du få høyre om korleis draumen til frua vart til, kva Skaldegard tilbyr sine gjester og andre moglegheiter på garden. Du får høve til å vandra rundt på tomta og kikke inn i dei gamle gardshusa, spørje og grave om (nesten) alt mogleg! So samlast me i Låni, den gamle tømmerlåven, som no er restaurert, til mat og preik og litt underhaldning.

 

Ynskjer du vera med på dette? Send melding på e-post, innan 26.september, til: post@skaldegard.no

 

Det formelle programmet vil vera:

 

  • Transport frå Vangen kl 18.30 v/Aurland Taxi og Skaldegard

 

  • Når alle gjestene er komne og godt plassert under Grindbygget med ein velkomstdrikk i handa, startar moroa:

    • Skaldefrua fortel om draumen og Skaldegarden

    • Vi ruslar rundt i tunet og kikkar inn i dei gamle uthusa

  • Samling i Låni, for mat og prat:

    • Indisk kyllingsuppe - heit og god!

    • Focaccia frå Mariannes Bakeri

      • Banankake med valnøtter og krem

      • Kaffi/te

  •  Samling i scenerommet, med forteljarstund og dessert

Returtransport til Vangen kl 23.30

 

Kva kostar denne herlegdomen? Kun 475,- per person, inklusiv transport

 

Du må ha med deg den drikken du sjølv ønskjer, men me byr på ein velkomstdrikk, og serverer isvatn til maten, og kaffe/te til kaken. Gje ein lyd dersom du har allergiar me må ta omsyn til.

OBS: påmelding er bindande. Me har plass til 25 damer, så her er det fyrste kvinne til mølla som gjeld!

 

 

 

 

Please reload