An-Magritt Lindtner
Draumedamer i Skaldegard
DRAUMEDAMEKVELD I SKALDEGARD
Fredag 29.september
Kl 18.30-23.30
Lyst på nytt sosialt treff med andre draumedamer?
Skaldefrua inviterer til nytt arrangement for draumedamer i Aurland, denne gongen til Skaldegard i Skjerdal!
Kjem du hit vil du få høyre om korleis draumen til frua vart til, kva Skaldegard tilbyr sine gjester og andre moglegheiter på garden. Du får høve til å vandra rundt på tomta og kikke inn i dei gamle gardshusa, spørje og grave om (nesten) alt mogleg! So samlast me i Låni, den gamle tømmerlåven, som no er restaurert, til mat og preik og litt underhaldning.
Ynskjer du vera med på dette? Send melding på e-post, innan 26.september, til: post@skaldegard.no
Det formelle programmet vil vera:
Transport frå Vangen kl 18.30 v/Aurland Taxi og Skaldegard
Når alle gjestene er komne og godt plassert under Grindbygget med ein velkomstdrikk i handa, startar moroa:
Skaldefrua fortel om draumen og Skaldegarden
Vi ruslar rundt i tunet og kikkar inn i dei gamle uthusa
Samling i Låni, for mat og prat:
Indisk kyllingsuppe - heit og god!
Focaccia frå Mariannes Bakeri
Banankake med valnøtter og krem
Kaffi/te
Samling i scenerommet, med forteljarstund og dessert
Returtransport til Vangen kl 23.30
Kva kostar denne herlegdomen? Kun 475,- per person, inklusiv transport
Du må ha med deg den drikken du sjølv ønskjer, men me byr på ein velkomstdrikk, og serverer isvatn til maten, og kaffe/te til kaken. Gje ein lyd dersom du har allergiar me må ta omsyn til.
OBS: påmelding er bindande. Me har plass til 25 damer, så her er det fyrste kvinne til mølla som gjeld!

