Skaldegard på Facebook
Skaldegard på Instagram

SKALDEGARD A/S - SKJERDALSVEGEN 115 -  5745 AURLAND

Mobil: +47 92 28 12 05 - E-post: post@skaldegard.no

Ei reise i kulturhistorien

KULTURHISTORISK GUIDING 

Skaldegard tek i mot små grupper til det gamle gardstunet  Nigarden i Skjerdal.  Tunet ligg høgt og luftig med storslått utsikt over fjorden og dei mektige fjella. Me startar i grindbygget under det store almetreet, der du vil få eit innblikk i staden sin historie, natur og jordbruk, og daglegliv før og no.  Me tek deg med på ein runde inn i dei gamle, tradisjonsrike driftsbygningane på garden, før du får kaffe/te og heimelaga tradisjonsrik lefse i den nyrestaurerte tømmerlåven - Låni.

Til sist får du vera med på ei reise i segner og eventyr, til Huldra og Trollet sitt rike. Velkomen til gards!

Her kan du sjekke ut video og bilder.

Tid: Mai - september, utanom sesong: etter avtale 

Varighet: ca 2 ½  time 

Gruppestorleik: 8-16 pax, ved større eller mindre grupper: ta kontakt!

Bestilling:

E-post: post@skaldegard.no

Mobil: 92 28 12 05

Om oss

Hausten 2010 tok ekteparet Jon Skjerdal og An-Magritt Lindtner over det nedlagde geitebruket Nigarden, i grenda Skjerdal i Aurland kommune. Ønskjet var å  ta vare på dei vakre, gamle uthusa, som stod som minner frå ei svunnen tid. Denne prosessen er me godt i gang med! Me ville også  formidle grenda sin eigenart og kulturhistorie til gjester og besøkande frå fjern og nær. Difor såg Skaldegard dagens lys sommaren 2017. Den vakre garden skal vere ein stad for nyting, avslapping, undring, læring, historieforteljing og guiding - alt innpakka i dei dramatiske omgjevnader som Sogn kan by på. Velkomen på besøk!

 
Her finn du oss

 

Grenda Skjerdal i Aurland ligg ca 6,5 km nordover langs fjorden frå sentrum,  210 m.o.h. Vegen opp er smal og svingete. Me har diverre svært få parkeringsplassar, og me ber difor om at du ikkje kjem med eigen privatbil. Dersom du tingar plass hjå oss, er transporten inkludert.